Hamnedagane - Levende kystkultur

Hamnemila 1852

Hamnemila 1852 er eit motbakkeløp frå Kleppesjøen til Kleppaksla. Lengda på løpet er ei nautisk mil og høgdeforskjellen er omkring 200 meter.

Alle som deltar vil få ei fin teknisk t-skjorte, ei vannflaske og litt å ete på toppen av Kleppaksla. Dei som melder seg på før 15. juli vil få 50 kroner i rabatt!

Hamnedagen

Hamnedagen er ein marknadsdag og festdag. Folk frå nært og fjernt fyller nausta rundt hamna i Kleppesjøen. I nausta vil du finne sal av spennande lokal mat og handtverk. Hamnedagen vert fylt med musikk, kultur, leik, marknad, fiske, kafé, konkurransar, underhaldning og mykje meir.

Hamnedansen

Vi avsluttar Hamnedagane med ein gammaldags striladans. I år er det Ørjan Vatne med band som spelar opp til dans. Dansen er open for alle og har 18 års aldersgrense.

Barn på besøk på Hamnedagen

Program 2017

18. august

Hamnemila - 1852

schedule 17.30
Start første pulje

schedule 20.00
Premieutdeling

19. august

Hamnedagen

schedule 09.30 - 10.00
Påmelding til fiskekonkurranse

schedule 10.00 - 13.00
Fisketevling frå land og båt

schedule 10.00 - 12.00
Fisketevlinga i indre hamn

schedule 11.30 - 12.00
Innlevering av kaker til kakebaketevlinga

schedule 11.00 - 16.00
Marknad
Aktivitetar for barn
Filmframsyning – Sotratrampen
Fotoutstilling
Historieforteljing

schedule 13.00 - 16.00
Elias - båttur for barn

schedule 13.30
Premieutdeling

schedule 16.00
Badeballsleppet!

Hamnedansen

Vi avslutter Hamnedagane med ein gammaldags striladans. I år er det Ørjan Vatne med band som speler opp til dans. 18 års aldersgrense.

schedule 20.00
Dørene opnar

schedule 02.00
Dørene lukkes

Båttur med Elias for far og sønn

Praktisk informasjon

Parkering

Det er avgrensa kapasitet for parkering ved Kleppesjøen. Vi har derfor fått låna parkeringa ved Sund ungdomsskule. Det vert satt opp skyttelbuss som fraktar passasjerar fram og tilbake til Kleppesjøen. Bussen er gratis.

Camping

For dei som ønskjer å overnatte ved Kleppesjøen, så er det er bubil og campingvogn camping på Kleppeholmen. Det er ikkje mogleg å reservere, så ver tidleg ute.

Aktiviteter for alle

Om Hamnedagane

Den første Hamnedagen vart arrangert 15. august 2015. Som heimbygda til visesongaren Johannes Kleppevik og med ei flott båthamn ønska Kleppe Grendalag å inviterer folk i alle aldra til ein festdag ved Kleppesjøen med rot i kystkulturen på Sotra og omegn.

Kleppe Grendalag ønska å stelle i stand ein aktiv dag ved Kleppesjøen der folk i alle aldra kan møtast og dela ei felles kulturoppleving.

Dagen vil skulle vera spekka av innslag og opplevingar. Dei unge vil få eit innblikk i den kystkulturen samfunnet dei leve i er tufta på. Dei litt eldre skulle møtast og mimra om gamle dagar med jamnaldra. Minner og kunnskap skulle delast mellom generasjonar.

Bakekonkurranse

Kontakt

Vi er heile tida på jakt etter gode utstillarar til salsbuene våre. Vi vil prioritere heimelaga produkt. Ta kontakt dersom du er interessert.

Ta kontakt gjennom skjema eller på tlf:

Utstillarar - Ivar Naustheller - 928 84 196
Andre henvendelsar - Karsten Kleppe - 906 60 070